Lesja kommune si IKT-avdeling har 2 fast tilsette og 1-2 læreplassar innan IKT driftsfaget. Vi tilbyr varierte arbeidsoppgåver. Lærlingar bistår i brukarstøtte, drift og utvikling av tenester mot alle tenestene i kommunen/regionsamarbeidet. Vi er del i eit regionalt samarbeid med 5 andre nabokommunar (Regiondata). Til saman er det ca. 15 – 20 konsulentar og lærlingar som samarbeider om tenesteproduksjon og kompetanseutvikling. Regiondata drifter felles plattform for Office-applikasjonar og fagsystem.
Vi ønsker å vere ein attraktiv arbeidsplass for lærlingar, og har no 1 -2 ledige læreplassar i IKT driftsfag
Arbeidsoppgaver
- Brukerstøtte og veiledning til ansatte i kommunen og samarbeidskommunene
- Oppsett og drift av brukerkonti og klientutstyr
- Drift og vedlikehold av lokale datanettverk
- Kurs og opplæring internt
Kvalifikasjoner
- Fullført og bestått Vg1 og Vg2 på IKT driftsfag (eventuelt tidlegare IKT Servicefag)
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Gode digitale ferdigheiter
Personlege eigenskapar
- Lærevillig og fagleg interessert
- Pliktoppfyllande og lojal
- Gode samarbeidsevner
- Serviceinnstilt
- God ordenssans
Vi tilbyr
- God læringsarena
- Trivelege kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Veiledning og oppfølging i læretida
Lærlingene blir tilsett på ordinære læreavtaler som går over 24 måneder, med oppstart så snart som råd.
For meir informasjon kontakt Vigdis Nedregård, tlf. 488 95 954.
e-post: vigdis-kristin.nedregard@lesja.kommune.no
Søknadsfrist: Vi handsamer søknader fortløpende
Gi et stutt sammendrag av kven du er og kvifor du ønsker læreplass i vår kommune. Attester og vitnemål kan du ta med på intervju.
Lesja kommune er oppteke av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vær venleg å sende søknad elektronisk via knappen over.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli oppført på søkjarlista (jf. Offl. § 25). Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil søkjaren bli varsla.
Evt. søknadspapir blir ikkje returnert.
Saksnr: 2024/47-1 StillingsID: 247 Dato: 17.01.2024