Ny konsesjonsperiode for snøskuter

Ny konsesjonsperiode for leigekøyring med snøskuter i Lesja kommune for åra 2025 til 2029.

Søknad om konsesjon sendast til Lesja kommune innan 01.november 2024.

Innspel til revidering av vilkår for ervervsmessig køyring med snøscooter i Lesja kommune sendast til Lesja kommune innan 01.november 2024.

Brev til Lesja kommune rettast til Postboks 53, 2671 Lesja, eller postmottak@lesja.kommune.no

Søkarar til konsesjonane må tilfredsstille følgjande krav: 

  • Person eller firma som er registrert som avgiftspliktig (momspliktig) føretak. For Lesja 
    Røde Kors Hjelpekorps gjelder ikkje dette kravet. For dei tre tidsavgrensa påskekonsesjonane trengs ikkje registrering som avgiftspliktig. 
  • Inneha gyldig førarkort. 
  • Ha erfaring og god kjennskap til fjellområda i Lesja, samt kunnskap om opptredde i fjellet med omsyn til natur og vilt. 
  • Disponere snøskuter med tilfredsstillande trekkraft for normale transportoppdrag. 


Søknaden må innehalde: 

  • Namn, bustad og fødselsdato/år på søker 
  • Namn, bustad og fødselsdato/år på reservesjåfør (normalt éin reservesjåfør per løyve, men eventuelle lag, organisasjonar eller firma kan ha fleire) 
  • Kontaktinformasjon med full adresse, e-post og telefonnummer 
  • For firma skal namn, bustad og fødselsdato/år på fast sjåfør og reservesjåfør(er) oppgjevast, samt. org. nummer. 
  • Opplysningar om årsmodell, motorstørrelse, beltebredde og registreringsnummer på Snøskuter. 
  • Opplysningar om transportutstyr (kjelkar/sledar) samt sikkerheitsutstyr. 
  • Personar/firma med tidlegare konsesjon vil bli prioritert.
  • Alle førarar skal kunne dokumentere gjennomført førstehjelpskurs ikkje eldre enn 5 år, innan 1 år etter konsesjon er tildelt.
     

Søknad om konsesjon sendast til Lesja kommune innan 01.november 2024, og rettast til Postboks 53, 2671 Lesja, eller postmottak@lesja.kommune.no.

For spørsmål ta kontakt med plan- og miljørådgjevar sigurd.alme@lesja.kommune.no eller tlf. 948 75 433.

Ved ein eventuell førespurnad ber vi om at saksnummeret, som er 2024/883, blir oppgjeve.