Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn her på  lenka for meir informasjon om ny renovasjonsordning

Digitale tenester

Biblioteket tilbyr no fleire digitale tenester. Du kan lese bøker og lytte på lydbøker i Bookbites eller du kan nytte strøymetenestene Filmoteket eller Filmbib for å sjå film. Ynskjer du å lese favorittbladet ditt, kan vi tilby Flipp.

BOOKBITES: Last ned appen og les e-bøker og lytt på lydbøker på nettbrett eller smarttelefon. Du må vere registrert med Bibliotekkortet (tidlegare nasjonalt lånekort) ved eit av biblioteka i Innlandet for å kunne låne bøker i appen. Opprette brukar i Bookbites

FILMOTEKET:  Gjer det enkelt for deg å låne og sjå film digitalt. Det einaste du treng er Bibliotekkortet. Du kan sjå filmen du har lånt så mange gongar du vil i løpet av 48 timar. Biblioteket ditt avgjer kor mange filmar du kan låne per månad. Filmane her kan kun nyttast til privat bruk. Skulane kan nytte seg av Filmrommet. Filmoteket Filmrommet

FILMBIB: Let deg sjå norsk kort- og dokumentarfilm. Du må berre ha eit lånekort som er knytt opp mot eit norsk bibliotek. Filmbib

FLIPP: Kom til biblioteket og få tilgang til over 90 av dei beste magasina frå Noreg, Sverige og Danmark. Last ned appen til både smarttelefon og nettbrett, eller les i vanleg nettlesar på datamaskin. Last ned så mange blad du vil, og les dei òg når du ikkje har nettilgang. Du har tilgang i 7 dagar før du igjen må oppsøkje biblioteket for å få fornya tilgangen din. Flipp

ORD OM FJELL: Ei digital fjellvandring. Fjelldiktbloggen - ei samling dikt relatert til Nasjonalparkriket og fjell generelt. Bli med på ei vandring i tekst, bilete og lyd

  • NETTBIBLIOTEKET: Søk i Nasjonalbiblioteket si samling på bl.a. aviser, bøker og foto. Nettbiblioteket 
  • VERDENSBIBLIOTEKET: Finn bøker på ditt eige språk. Her kan du lese og lytte når du vil og så mykje du vil. Verdensbiblioteket 
  • TIBI (tidlegare Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek): Tibi er biblioteket for tilrettelagt litteratur. Tibi er biblioteket for barn, ungdom, vaksne og studentar som strevar med å lese. Alle som har vanskar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av nedsett funksjonsevne eller sjukdom, kan melde seg inn her. Tibi