Thea Elise og Emil, Lesjaverk
Kvifor flytta dykk hit?
Eg vaks opp med hytte i området, og har lenge vist kor fint det er i Lesja. Ein ven delte ein gong eit Facebook-innlegg frå barnehagen der han skrytte av kor flott den var. Dette fekk meg oppmerksam, og eg begynte å følgje sida til barnehagen. Eg blei inspirert og tenkte "Dette må vere draumen!".
Så vart eg mor sjølv og naturen blei ein enda viktigare del av kvardagen, eg ynskte at sonen min skulle vekse opp tett på naturen, opplevinga og roa den gir.
I Lesjaskog friluftslivsbarnehage, har barna mykje utetid, mange turar i nærområdet, dei går på ski så snart det er snø. Barnehagebygget er romsleg og godt gjennomtenkt med soner for ulike aktivitetar! Personalet byggjer vidare på barnas interesser, og legg opp til god læring gjennom leik. Dei samarbeider tett med skulen, noko som gjer overgangen frå barnehage til skule smidig. Dette blei avgjerande for meg, eg var SOLGT!
Kva er det beste med at barnet ditt får vekse opp her?
Oppvekstforholda, barnehagen og skulen. Samhaldet i bygda, alle vil kvarandre vel på tvers av alder og kjønn, alle er velkomne her.
Vi lev tett på naturen, det er lite stress og kav i kvardagen. Det er enkelt å stikke til fjells her, perfekt terreng for å ta med seg ungar på korte og lengre turar!
Kva er dine beste tips til dei som vurderer å flytte hit?
Prøv eit år eller to, dykk kjem ikkje til å angre!
Solfrid, Erlend, Håvard, Solveig, Sigurd og Sondre, Lesjaverk
Kvifor flytta dykk hit?
Me flytta til Lesja kommune fordi eg fekk jobb her. Det var ganske tilfeldig at det nettopp vart Lesjaskog friluftsbarnehage på grunn av at me fann oss eit hus me kunne leige. Det gjekk ikkje lang tid før me vart svært glad i området både rundt Lesjaverk der me bur, men og til barnehagen og miljøet rundt.
Kva er det beste med at barna dine får vekse opp her?
Det beste som borna våre får når dei veks opp her er tilknytinga til naturen og lokalmiljøet. Dei har stor boltreplass, dei blir knalldyktige på ski og elskar å vere ute! Alt innafor trygge rammer i ei bygd der ein fort blir kjend med mange flotte menneske.
Kva er dine beste tips til dei som vurderer å flytte hit?
Mine og våre beste tips til alle som vurderer å flytte hit er at om du ynskjer fantastisk natur rundt deg, vokse opp i naturskjønne omgjevnader og kjenne på ein tilvære kor lav puls får stå i fokus så er det ingenting å lure på! Flytt hit!
Ingunn, Scott, Aiyva, Bjorli
Kvifor flytta dykk hit?
Vi valte å flytte hit på grunn av den gode og flotte barnehagen og skulen på Lesjaskog, samt nærleiken til naturen. Eg voks opp på Bjorli og vil at ungane mine skal ha same flotte barndom som eg sjølv hadde. I tillegg bur mine foreldre på Bjorli, som gjorde valet med å fløtte heimatt enda lettare. Eg var heldig og fekk med meg min Australske mann til prøve livet på Bjorli, og vi angrar ikkje!
Kva er det beste med at barnet/barna dine får vekse opp her?
Den flotte naturbarnehagen og den gode 1-10-skulen på Lesjaskog. Dette er den beste starten vi kan gje våre barn. Gode og trygge forhold, i samspelet med naturen vi har her, gjer ungane våre robuste. Å vite at 2-åringen kan gå på ski dagleg i friluftsbarnehagen gjev meg stor glede. Samtidig har vi skibakken rett ved som vi kan bruke i helgene. På sumaren har vi tallause moglegheiter til flotte turar i fjell og mark, og barnehagen har stort uteområde ungane kan utfolde seg på.
I tillegg har vi eit utruleg samhald i lokalsamfunnet, og alle vil kvarandre det beste. Både ung og gamal er saman på tvers av alder, noko eg tykkjer er unikt og flott.
Kva er dine beste tips til dei som vurderer å flytte hit?
Hopp i det! Du kjem ikkje til å angre. Livet går litt saktare her sjå oss, men på en god måte. Du står aldri i kø, og når du kjem heim frå jobb har du naturen rett ved. Prøvebu i eit år og sjå korleis du trives. Du kjem aldri på å angre at du prøvde!
Hanne Stine, Erlend, Sigve og Selma, Lesjaskog
Kvifor flytta dykk hit?
Vi flytta hit fordi vi ville prøve eit anna liv enn bylivet. Med to småe ønska vi å finne den beste plassen for dei å vekse opp. Ein grunnleggande verdi for oss er at ungane skal vekse opp i eit friluftsmiljø med alle fordelane ein veit at det gje her og nå, men også framover i tid. På Lesjaskog visste vi at det var ein friluftsbarnehage og nettopp deira tydelege friluftsprofil appellerte til oss.
Vi brukte friluftsbarnehagen si Facebook-side flittig i tida før vi bestemte oss. Der såg vi bilete og snuttar av barneføt på stiar i skogen sommarstid og lang, lang rekke med småe skiløpere på vinterstid. Dette ville vi at ungane våre skulle bli ein del av.
Vi hadde høyrt mykje godt om overgangen frå barnehage til skule her. At ungane skulle få ein god start på skulelivet var ein viktig grunn til at vi valte å flytte hit.
Kva er det beste med at barna dine får vekse opp her?
Det beste er at ungane får vekse opp i eit trygt og oversikteleg miljø. Dei blir sett. Det er også at dei får vekse opp med naturen som læringsarena både i barnehagen, skulen og fritida si. For oss er noko av det beste med å bu her at vi kan gje ungane våre gode skiferdigheter, både i langrennssporet og i alpinbakken.
Kva er dine beste tips til dei som vurderer å flytte hit?
Eit av mine beste tips er å tenkje at ein kan prøve ut livet her utan at det betyr at ein blir her for alltid. Viss ein kjenner at noko er rett akkurat no, så gå for det. Dei riktig gode øyeblikka finn du berre hvis du bur her. Kom og finn dei. Eit anna tips er å følge med på Lesjaskog friluftsbarnehage og Lesjaskog skule si Facebook-side. Der får ein eit innblikk i kvardagen til ungane her. Det var til stor inspirasjon for oss.
Ta kontakt med barnehagen for å kome i kontakt med Hanne Stine.
Har du spørsmål eller ønsker du barnehageplass i Lesjaskog Friluftsbarnehage?
Ta kontakt med styrer Elin Brøste på elin.broste@lesja.kommune.no eller telefonnummer: 902 08 095