Viktig melding

BEREDSKAPSLEGEVAKT på grunn av raset i Rosten

I forbindelse med raset i Rosten er det organisert plan for felles beredskapslegevakt på kveld og natt for Lesja og Dovre kommuner.  Planen avlyses så snart veien åpner for trafikk.

Tirsdag 01. april vil beredskapslegevakten være ved helsehuset på Dombås

Onsdag 2. april - Lesja

Torsdag 3. april - Dombås

Fredag 4. april - Lesja

Lørdag 5. april - Dombås

Søndag 6.april - Lesja

For øyeblikkelig hjelp mellom 16.00 og 08.00:

Legevakt: tlf. 116117

Livstruende skader: tlf 113

Jordmor I Lesja følger opp gravide i Lesja kommune.

Legekontorene har ellers åpningstider som normalt

Avfallshandtering

Renovasjon

Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap hentar  restavfall frå alle husstandar.  Dette blir gjort kvar veke om sommaren, og annakvar veke om vinteren. Fritidsboligar er tilknytt  returpunkt der abonnentane sjølv leverar  avfallet. Kommunen har utplassert containarar for restavfall og returpunkt for papir, glas- og metallemballasje.

Avfall som ikkje samlas inn gjennom henteordninga eller via returpunktane må abonnentane levere på Jora miljøstasjon eller Bjorli miljøstasjon. Dette kan vere treverk, metall, porselen, gipsplater, farleg avfall m.m.

Farleg avfall

Farleg avfall skal handteras forsvarleg og skal ikkje blandast saman med anna avfall. Ein skal heller ikkje blande saman ulike typar farleg avfall dersom det kan medføre fare for forureining, eller skape problem for den vidare handteringa  av avfallet. Den som leverar farleg avfall, må sørgje for at emballasjen er tydeleg merka med opplysningar om avfallets innhald og eigenskapar.

Handtering av hageavfall

Spreiing av framande artar er ein av dei største truslane mot det biologiske mangfaldet, både nasjonalt og globalt. Når hageavfall vert dumpa kan det bidra til spreiing av skadelege framande artar, ved at levedyktige frø, røt og planterestar gjev opphav til nye plantar. Framande artar utgjer ein trussel mot stadeigne artane dersom dei utkonkurrera eller smittar dei med sjukdom. Difor oppmodast det til anten å kompostere hageavfall heime eller levere det gratis hjå Nord-Gudbrandsdal Renovasjonsselskap. Eit anna  førebyggjande tiltak er å unngå å plante svartelista artar (framande artar som har moglegheit til å formeire seg i Noreg, og som utgjer ein trussel mot stadeigne artar). Svartelista kan lastast ned via lenka «Norsk svarteliste».

Kontakt

Merete Groven
Konsulent
Telefon 469 43 244