Utbyggingsavtaler

Lesja kommunestyre vedtok oppdaterte prinsipp for utbyggingsavtaler i Lesja kommune i sak 2021/41 den 10.06.2021. Fyrste prinsippvedtak for utbyggingsavtaler i Lesja vart fatta i sak 40/06 den 15.11.2006 i Lesja kommunestyre. Alle reguleringsforslag som kommunen mottar til behandling etter 01.01.2007 skal omfattas av prinsippet om utbyggingsavtaler. Det vil si at alle reguleringsplanar vil ha ei utbyggingsavtale som vert forhandla samstundes med planprosessen for den aktuelle reguleringsplanen.

Utbyggingsavtaler er alltid knytt til ein vedtatt reguleringsplan og følgjer krava i plan- og bygningsloven kapittel 17.

Utbyggingsavtaler er et nyttig verktøy for å sikre forutsigbarhet i utbyggingsprosjektene og likebehandling mellom utbyggere. I desse avtalene stilles krav og forhandlas avtale mellom kommunen og utbyggar.

Utbyggingsavtaler har store økonomiske konsekvensar da dei regulerar kostnadsfordeling mellom fellesskapet og utbyggarar i forhald til etablering av infrastruktur. På denne måten nyter alle godt av den utbygginga som skjer i kommunen. Eksempelvis kan utbyggar gjennom avtale vere med å finansiere opparbeidelsen av skiløyper, gang- og sykkelvegar etc. Kommunen har stort fokus på forhald knytt til vatn- og kloakknett. Kommunestyret har vedtatt at kommunen ikkje overtar vegar.

Utbyggingsavtalane som er godkjende og underskrive ligg på kartsida under arealplanar. (lenke inn: https://kart.regiondata.no/Content/Main.aspx?layout=lesja&time=637794765324576440&vwr=asv )  Her er det same framgangsmåte i kartløysinga som å finne fram til reguleringsplanar. Ein trykker på arealplanar og finn fram til reguleringsplanen ein skal sjå på. Dokument kjem fram i venstremenyen etter ein har trykt på aktuell reguleringsplan.

For spørsmål ta kontakt med leiar forvaltning eller plan- og miljørådgjevar i Lesja kommune.

Kontakt

Sigurd Alme
Plan- og miljørådgiver
Mobil 917 84 800