Oppstartsmøte
Ved oppstart av ein ny reguleringsplan, skal forslagsstillar og planmyndigheit avhalde eit oppstartsmøte for å vurdere utfordringar og moglegheiter i planideen, jamfør krav i plan- og bygningslovens § 12-8 første ledd andre punktum. Oppstartsmøtet skal legge til rette for ein meir effektiv og forutsigbar planprosess. Viktige forutsetningar for planarbeidet skal avklaras. Møtet skal gje ein tovegs informasjon og kommuneplanens arealdel er førande for krav kommunen sett i eit slikt møtet.
Vi gjer merksam på at reguleringsplanar skal utarbeidas av fagkyndige, jamfør plan- og bygningsloven (pbl §12-3).
Finn kommunen at eit privat planinitiativ ikkje bør føre fram, kan kommunen beslutte at initiativet skal stoppas, jf. pbl § 12-8, 2. ledd. Avgjering om dette skal fattast så tidleg som mogleg i oppstartsfasa, og dersom ikkje anna er avtalt, seinast 14 dagar etter at oppstartsmøte er gjennomført. Avgjeringa kan ikkje påklagas, men forslagsstillar kan krevje å få den forelagt for kommunestyret for endeleg avgjering.
Saksgang i ein ordinær detaljreguleringsplan som er i tråd med overordna plan
Trinn
|
Tid
|
Kontakt med planmyndigheit opprettas og privat initiativ sendas inn til kommunen
|
1 veke før oppstartsmøte
|
Oppstartsmøte
|
|
Varsel om planoppstart sendas ut til berørte partar, interesser og offentlege høyringspartar, offentlegjer oppstart i ei avis som er allminneleg lest i Lesja.
|
6 veker høyringsfrist
|
Planen utarbeidas og høyringsinnspel implimenteras. Vi ynskjer tett dialog med din plankonsulent.
|
|
Planen sendas inn til kommunen til behandling, og overleverast med eit overleveringsmøte samstundes med dokumenta.
|
Kommunen har maksimalt 12 veker på seg til å behandle saken.
|
Saken behandlas i forvaltningsutval eller formannskap
|
Sendas på høyring i 6 veker
|
Høyringsinnspel vert vurdert og eventuelt endringar av planen. Endringar skjer med samspel mellom kommune og privat konsulent.
|
|
Plan til sluttbehandling, behandlas i forvaltningsutvalg eller formannskap og kommunstyret.
|
Behandlas seinast innan 12 veker.
|
For mindre endringar i plan sjå fanen mindre reguleringsendring.
Ved utarbeiding av ein privat detaljreguleringsplan er det kommunen sin arealdel som er førande, sjå utarbeidelse av privat detaljreguleringsplan.
Gebyr for planbehandling ligg her