Må du søke?Du må undersøke kva planar og føresegner som gjeld for eigedommen du har byggjeplaner på. Ta gjerne kontakt med kommunen for rettleiing. Om arbeidet er søknadspliktig kjem også an på kva du skal byggje, rive eller endre. Norsk kommunalteknisk forening (NKF) sitt infoskriv om dei vanlegaste byggjearbeida viser kva slags søknad som må sendast inn eller om tiltaket er unnateke frå søknadsplikt. Informasjon til tiltakshaver og søker: Byggeplaner - Hva er unntatt og hva må du søke om? (PDF, 495 kB) 1. mai 2021 vart det innført nye reglar om tilbygg og terrasse som er unntatt søknadsplikt: https://dibk.no/bygge-eller-endre/har-du-planar-om-a-byggje-terrasse-eller-tilbygg-etter-1.-mai/ Du kan og nytte Direktoratet for byggkvalitet sine elektroniske vegvisar Bygg uten å søke - frittståande bygning Bygg utan å søke - tilbygg eller rettleiing på kva som er søknadspliktig på dibk.no. Det gjeld eigne reglar for oppføring av tiltak langs offentleg veg og jernbane. Sjå Statens vegvesen eller Bane Nor sine sider for nærare informasjon angåande dette. Publisert av Martin Vorkinn Sist endret 14.08.2023 00.22