Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn her på  lenka for meir informasjon om ny renovasjonsordning

Bandtvang

I Lesja kommune gjeld den generelle nasjonale bandtvangen i perioda 1.april – 20.august, i tillegg til at kommune har utvida bandtvang etter denne lokale forskrifta.

I den lokale hundeforskriften er det nokre unntak:

I tråd med nasjonal lov om hundehold skal ikkje båndtvangsbestemmelsane gjelde for hundar

som nyttast til følgjande formål:

- Gjetarhunder i arbeid

- Tenestehund i aktiv teneste eller under trening eller prøving for slik teneste

- Jakthundar som blir brukt til lovleg jakt eller trening eller prøving for slik jakt

- Hund i aktivt bruk som ettersøkshund etter skadd eller sjukt vilt

 

Forskrifta seier vidare at:

I Lesja kommune skal hundar utover den generelle bandtvangen i perioda 1. april–20. august haldast i band eller forsvarleg innestengd eller inngjerda slik det går fram av pkt. a–c nedanfor.

a)

Heile året på følgjande områder:

-

Kyrkjegarder

-

I tilknyting til område avsett til bustadformål i kommuneplanens arealdel

-

Handels- og sentrumsområde

-

Idrettsanlegg og område for leik

-

Område avsett til badeplass i kommuneplanens arealdel.

 

b)

I tida frå og med 21. august til og med 1. oktober i område der bufe har rett til å beite og faktisk beitar.

c)

På og ved preparerte skiløyper (alle tilrettelagte skiløyper/skileikanlegg) frå det tidspunktet dei blir preparert og fram til 3. påskedag.

Kontakt

Sigurd Alme
Plan- og miljørådgiver
Mobil 917 84 800