Lesja kommune er ei stor landbrukskommune, med stort husdyrhald av drøvtyggarar. Jorda i dalen blir nytta til grovfôrproduksjon, medan ein i fjellområda på begge sider av dalføret har store og gode utmarksbeiteområde.
Størstedelen av innmarka er lettdriven, men oppover i dalsida finn ein både bratte og til dels tungdrivne teigar.
Driftseiningane er til dels store, og driftsapparatet i dalen må seiast å vere rasjonelt. M.a. er ein stor del av gjødselspreiinga basert på slangespreiing. I kommunen er det og etablert vatningslag, med etablert rørgate for framføring av vatn.
Forprosjekt Biogass i Lesja
Landbruksnæringa i kommunen i samarbeid med Lesja kommune har no fått gjennomført eit forprosjekt der ein vurderer om det ligg til rette for etablering av biogassanlegg i bygda.
Det vart gjennomført spørjeundersøking i landbruksnæringa om interessa for etablering av biogassanlegg i bygda, kartlagt potensielt tilgjengeleg husdyrgjødselmengde, berekna potensiell energiproduksjon, vurdert anleggsstruktur, aktuelle tomter, vurdert biorest i forhold til jordsmonn, og modellert fleire aktuelle biogassanlegg, med økonomiske vurderingar.
- Det ligg svært godt til rette for biogassproduksjon i Lesja, med eit potensiale på ein brutto produksjon av over 12 GWh som biogass.
- I landbruksnæringa er signala positive til etablering av biogassproduksjon basert på husdyrgjødselressursane i kommunen.
- Fleire signaliserer og positiv vilje til å stille med tomt for anlegg.
- Politisk har det siste åra vore noko utfordrande å få tilskot til bygging av store biogassanlegg. Dette ser no ut til å vere i endring. Det kan derfor no truleg vere aktuelt å bygge eitt stort anlegg, som fleire mindre. Ulempa med eitt stort anlegg er logistikkostnadene. Fordelen er at eitt anlegg vil kunne produsere så mykje biogass at det kan lønne seg å investere i oppgraderingseining for produksjon av drivstoffkvalitet.
- Størstedelen av landbruksjorda i Lesja ligg i nedslagsfeltet for Oslofjorden, og har mengdeavgrensingar på bruk av husdyrgjødsel på landbruksjorda. Denne avgrensinga gjeld pr no ikkje for biorest. Det kan ha økonomisk betydning for landbruket i Lesja
- Modellering av grendeanlegg viser at det med dagens rammevilkår er økonomisk interessant å bygge anlegg som handterer 15-25000 tonn husdyrgjødsel. Det vil vere plass til 5-6 slike anlegg i kommunen. Dersom ein oppnår tilskot, er det truleg enno meir økonomisk interessant å bygge eitt stort anlegg i kommunen. Ved produksjon av oppgradert biodrivstoff vil ein også oppnå ein vesentleg klimagevinst.
- Totalt er husdyrgjødselmengdene i Lesja så store at biogasspotensialet gjer at det kan vere aktuelt å bygge eit oppgraderingsanlegg for biogassen.
- Produksjon av oppgradert biogass basert på husdyrgjødsla i Lesja vil gje ein klimagevinst på om lag 5900 tonn CO2 ekvivalentar pr år, samanlikna med dagens handtering av husdyrgjødsla.
Utfordringa ved etablering av biogassanlegg utan oppgradering av biogassen, er få kundar som ynskjer å kjøpe varme. Å nytte biogassen berre til produksjon av elektrisitet gjev eitt stort varmetap.