Tunstugu

Nybygget ved Lesja bygdemuseum er Lesja sin 1000-årsstad og ligg rett ved bygdatunet. Her finn du museumskontor, villreinutstillinga, museumsbutikken, møterom og selskapslokale for utleige. 

 

Opningstider utstilling og butikk

Tysdag til laurdag: 11.00 - 16.00 (stengt måndagar). Søndag: 11.00 - 15.00 (gjeld 20.juni til 15.august).

Kontakt Ellen S. Syse for besøk (grupper) utanom opningstida.

Villreinutstillinga

I kjellaren på Tunstugu treff du to utstoppa rein og ei stor utstilling om dei rike tradisjonane for jakt og fangst av rein i Nord-Gudbrandsdalen.

Butikken med det sjeldne

Vakre saker og klede av ull, skinn og tre finn du i butikken i nybygget. Der finn du og lokale bakstvarer og mykje anna heimgjord og lokalt.

Utleige

Lokala gjev ei fin ramme rundt til dømes bryllup, dåp, begravelse og andre arrangement. Tunstugu selskapslokale har sitjeplass til 120 personar, lokalet har kjøken, toalett og universell utforming. Tunstugu har stor parkeringsplass med plass til både bussar og campingbilar, HC-toalett med stellebord og heis. 

Leigeprisar - Tunstugu
Leigetype Pris pr stk
Heile huset 3.000,-
Lille sal 1.700,-
Lille sal utan kjøken - møter kveld 850,-
Lille sal utan kjøken - møter dag 650,-
Bruk av dukar 65,- - 70,-
Leige av huset ein ekstra dag til forberedelser 350,-
Avbrudd seinare enn 5 virkedagar før dato for leige 40% av leigesum
Ved manglande opprydding tilkommer pr halvtime 350,-
Leige av lokaler etter avtale heile året. Kontakt Merete Groven for avtale.

Artikkelliste

Kontakt

Merete Groven
Konsulent
Telefon 469 43 244