Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn her på  lenka for meir informasjon om ny renovasjonsordning

Kvalifiseringsprogrammet

For personar som av ulike årsaker har fått nedsatt arbeidsevne og har behov for bistand på fleire områder for å bli kvalifisert til å komme seg ut i arbeidslivet.

Den som etter søknad og nærare kartlegging blir tatt inn i programmet, mottek løn frå Lesja kommune etter nærare reglar.

Det skal utarbeidast ein individuell plan saman med deltakar som beskriv nærare aktuelle tiltak for vedkomande i programmet og korleis tiltaka skal følgast opp. Det skal samarbeidast tett med deltakar under utarbeiding av individuell plan og i den vidare oppfølginga.

Søknad om deltaking i kvalifiseringsprogram få du ved å vende deg til NAV-kontoret og før vedtak er klart skal NAV-kontoret saman med søkjar kartlegge arbeidsevne, hjelpebehov  og aktuelle tiltak .

Antal deltakarar som kan vere med i programmet pr år er begrensa. Eit kvalifiseringsprogram kan pågå i inntil 3 år. NAV-kontoret gir meir informasjon.

Info om ordninga finn du på www.nav.no