Barseltrening

Barseltrening er trening for deg som vil bygge opp att muskulatur i mage, rygg og bekkenbotn etter fødsel.

Kroppen går gjennom mange forandingar i eit svangerskap. Den rette bukmuskelen legg seg til side for å gi plass for den veksande magen, tyngdepunktet i kroppen forandrar seg, ryggen ber stadig meir vekt, alle ledd blir smidigare medan kroppen førebur seg til fødsel, og bekkenbotnen har både båre mykje vekt under svangerskapet, og fått ein del juling under sjølve fødselen.  Det er derfor mykje som skal på plass att etter eit svangerskap.

Etter ein normal fødsel, vil kroppen vere klar for gjennopptrening etter ca 4-6 uker.

Vi gir generelle råd og rettleiing av øvelsar for å trene opp muskulaturen i mage/rygg og bekkenbotn. På styrkjerommet blir det sirkeltrening med ulike styrkeøvelsar for dei store muskelgruppene.