Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn her på  lenka for meir informasjon om ny renovasjonsordning

Fysioterapi

Fysioterapi inneber helsefremjande og førebyggjande arbeid. Målet er gjennom tilrettelegging, trening og behandling å oppnå best mogeleg funksjon i høve til skade og funksjonssvikt.

Det vert tilbydd fysioterapi til alle innbyggjarane i Lesja kommune.

Fysioterapien held til i nye lokale i Lesja helsehus og har også kontordag på Eldres senter, Lesjaskog éin dag i veka.

Kommunefysioterapeutane har sine lokale på Lesja helsehus og består av to fysioterapeutar i ei samla 150 % stilling. I Lesja er det totalt 4 fysioterapeutar; 2 kommunale og 1 privatpraktiserande på Lora med kommunalt driftstilskot, samt 1 fysioterapeut utan driftstilskot (Lora fysioterapi og trening - tidl. Menningen praksis.)

Fysioterapitenesta kan hjelpe med:

  • Individuelle undersøkingar, vurderingar og behandlingar av funksjonsnedsetjing, skade eller muskel- og skjelettplager.
  • Rehabilitering, habilitering og opptrening.
  • Fysioterapi i institusjonane
  • Førebyggjande tiltak/Frisklivstilbod
  • Informasjon og rådgjeving innan helse og aktivitet
  • Vegleiing til sjølvtrening/tilpassa aktivitet
  • Bassengtreningsgrupper i varmt vatn
  • Balanse- og styrkegruppe for eldre
  • Barseltreningsgruppe
  • Kvardagsrehabilitering

Pris:

Prisen blir fastsett av Helse- og Omsorgsdepartementet med heimel i Lov om folketrygd. Alle som får behandling hos fysioterapeut må betale eigenandel, med unnatak av barn under 16 år og personar som får behandling for godkjent yrkesskade. Utgifter til fysioterapi kjem inn under eigenandelstak. 

Les mer om frikort her

Les mer om egenandeltakster her 

Bassengtrening

NB! Per dags dato har vi dessverre ikkje tilbod om varmtvass-trening. Dette grunna for låg temperatur i bassenget.

Bassengtrening i varmt vatn (34 grader) er ei skånsam og effektiv behandlingsform med låg belastning på ledd og senefester. Oppdrifta og motstanden i vatnet blir aktivt brukt i treninga. Det varme vatnet aukar blodsirkulasjonen og bevegeligheten, noko som kan virke smertelindrande og mykgjere stiv muskulatur og stive ledd.

Vi trenar styrke, uthaldenheit og balanse. Det er ikkje nødvendig å vere svømmedyktig for å delta i våre grupper.

For å delta:

  • Rekvisisjon frå lege er ikkje nødvendig, men fysioterapeuten vurderer behovet og foretar ein funksjonsvurdering.
  • Deltakarar må vere sjølvhjelpne i basseng og garderobe.
  • Deltakarar med spesielle medisinske – og/eller bevegelsesutfordringar må informere instruktøren om dette. Detaljar bør om mogleg framgå av legerapport.
  • For deltakarar med behov for assistanse, er det tillate med éin personleg assistent per gruppe.

Prisen for treninga er fastsett i samsvar med tariff frå Helse- og omsorgsdepartementet, med heimel i Lov om folketrygd.

Les meir om eigenandel/frikort her

PRIVATPRAKTISERANDE FYSIOTERAPEUT 

Lesja kommune har driftsavtale med fysioterapeuten Kari Hole på Lora Fysioterapi og Trening AS. Her arbeider også fysioterapeuten Sigrid Lyftingsmo utan driftsavtale. Praksisen drivast i nye flotte lokale med eige tilhøyrande treningsstudio.

Sjå informasjon om Lora Fysioterapi og Trening AS på deira nettside:
Lora Fysioterapi og Trening AS

Kontakt

Aasta Kristine Bjorli Bjølverud
Fysioterapeut
Telefon 468 13 934
Mobil 468 13 934
Oda Louise Larsen
Fysioterapeut
Telefon 977 49 174
Mobil 977 49 174