FramføringsvegarFramføringsvegar kan være fiber langs veg og jernbane, rørgater eller stolper. Kommunen leverer ikkje breiband til kundane eller legg fiber sjølv. Dette er det breibandsleverandørar som tek seg av. Levering til sluttbrukar er alltid ei avtale mellom leverandør og kunde. Det vi som kommune kan bidra med, er å legge til rette for god og samordna utbygging av infrastruktur, koordinere utbyggingsprosjekt og bidra til samfunns- og miljømessig utbygging slik at vi unngår gravekaos. Kommunen har innvilga anleggsbidrag for å få fram fiber langsetter Raumabanen 2018 - 2019. Kommunen legg trekkerør i åpne grøfter i eigne og eksterne entreprenørar sine arbeid der det er lurt med tanke på heilheita. Kommunen har møter med entreprenørar for å oppmode til å legge trekkerør i alle graveprosjekt til bustad, verksemder og hytter. Alternativt ber vi dei varsle alle gravearbeid (også dei som ikkje er søknadspliktige) til kommunen for å avklare om det er aktuelt med eit samarbeid om å legge trekkerør. Kommunen legg inn breiband som infrastruktur i alle nye utbyggingsavtaler. Kommunen tek med utbygging av breiband i kommunale planar. Publisert av Vigdis Kristin Nedregård Sist endret 18.11.2021 12.25