Viktig melding

NY RENOVASJONSORDNING

I 2025 startar NGR med kjeldesortering. 

Gå inn her på  lenka for meir informasjon om ny renovasjonsordning

Kontrollutval

nKontrollutvalet:

Kommunestyret har det øverste tilsynet med den kommunale forvaltninga. Kontrollutvalet har som oppgave å utføre kontroll og tilsyn med den kommunale forvaltninga på vegne av kommunestyret, og er eit lovfesta, obligatorisk utval. Kontrollutvalet skal utøve arbeidet sitt i samsvar med kommunelova og forskrift for kontrollutvalg.

Kontrollutvalet kan ta opp eit kvart tilhøve ved den kommunale verksemda, så lenge det kan definerast som kontroll og tilsyn. I tillegg kjem enkelte konkrete lovfesta oppgaver. Kontrollutvalet skal mellom anna sjå til at kommunen har ein forsvarleg revisjonsordning, og gjennomføre og følge opp forvaltningsrevisjonar og selskapskontrollar.

Sekretariatet:

Kontrollutvalet skal ha eige sekretariat, som til ei kvar tid skal yte kontrollutvalget den bistand som utvalet finn nødvendig for å kunne ivareta oppgåvene sine. Kontrollutvala i kommunene Lesja, Dovre, Sel, Sel, Lom og Skjåk har felles sekretariat:

Sekretariatet for kontrollutvala i Nord-Gudbrandsdal, Botten Hansens gt. 9, 2670 Otta. Telefon 61 700 714. E-post: Elin-Marit.Andgard@sel.kommune.no

Revisor:

Revisjonstenestene blir utført av Innlandet Revisjon IKS. IRIKS har distriktskontor på Otta, med adresse Ola Dahlsgate 3, 2670 Otta.

Kontaktinfo:

Har du tips eller noko som du vil at kontrollutvalget skal sjå nærare på, ta kontakt med leiar eller nestleiar eller send en e-post til sekretariatet.

Medlemmer og varamedlemmer i kontrollutvalet:

Medlemmer                                                             Varamedlemmer

Ap:                                                                           Ap:

Elin Randi Johnson                                                 1. Elin Kveum

Per Holseth                                                             2. Stian Lotten

Fellesliste Senterpartiet/Høyre:                             Fellesliste Senterpartiet/Høyre:  

Anders Norderhus  (H)                                             1. Ola Erik Myren (SP)

Torild Visnes Leirmo (SP)                                         2. Jesper Hole (SP)         

 Rune Møller (H)                                                      3. Ola Sylte Einbu (H)                                                                      

                                                                              

Leiar: Elin Randi Johnson

Nestleiar: Anders Norderhus

Lovhjemler / reglement:

Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) LOV-2018-06-22-83

§ 23-1.Kontrollutvalget

§ 23-2.Kontrollutvalgets ansvar og myndighet

§ 23-3.Forvaltningsrevisjon

§ 23-4.Eierskapskontroll

§ 23-5.Rapportering til kommunestyret eller fylkestinget

§ 23-6.Innsyn og undersøkelser i selskaper o.l.

§ 23-7.Sekretariatet

 

Forskrift om kontrollutvalg i kommuner og fylkeskommer av 15.6.2004

Reglement for kontrollutvalget i Lesja kommune (PDF, 23 kB)

Kontakt

Elin Marit Andgard
Sekretær FOR KONTROLLUTVALA I NORD-GUDBRANDSDAL
Telefon 481 96 875
Mobil 481 96 875