Turguiden «På tur i Lesja» vart ferdigstilt hausten 2017 og vi må seie oss nøgde med resultatet! Vi takkar så mykje for alle bidrag, både i form av bilde og forslag til nye spennande turmål!
Turguiden og digitalisering via Outtt er eitt av bidraga i arbeidet med omdømmebygging og marknadsføring av Lesja. Vi har allereie fått attendemeldingar frå andre kommunar i regionen som ynskjer å setja i gang liknande tiltak med utarbeiding av turguide lik vår – det er eit stort pluss for heile regionen!
For tida arbeider tilsett prosjektleiar med å digitalisere turane via turportalen outtt.com og i den gratis nedlastbare appen Outtt. Vi håpar den nye turguiden og digitaliseringa via Outtt vil gjere det enklare for både fastbuande og tilreisande å finne sine turar i vakre Lesja.
Lesja har mangfaldige tur- og løypemoglegheiter, og ein finn noko for einkvar smak! Når det er sagt, tek vi gjerne i mot fleire tips om turar som kan leggjast inn i Outtt.
Turguiden finn du på alle turistkontor i Nord-Gudbrandsdal og i lokale nærbutikkar. Du finn også turguiden i denne lenka eller du kan gå inn på outtt-Lesja
God tur i Lesja! Og hugs; merk dine turbilde med #turilesja
Publisert av Martin Vorkinn
Publisert 11.06.2021 13.14